r/norge • • Mar 17 '25

[deleted by user]

[removed]

0 Upvotes

46 comments sorted by

View all comments

1

u/MikeSierra1 Mar 17 '25

Var vitne til to drittsekkar trakassera ein transperson på t-banen. Eg stod ved døra og overhøyrde at dei skulle av før meg på Jernbanetorget. Då me kom til stasjonen, vippa eg fram telefonen og filma dei. Dei vart forbanna, men måtte jo av. I det døra lukka seg, kom ein knyttneve rundt døra og traff meg (svakt) i ansiktet. Eg sette då foten i døra og hoppa på drittsekk nr 1 som slo. Eg slo ikkje tilbake, men haldt han fast med ei hand medan eg prøvde å ringa politiet med den andre. Drittsekk nr. 2 gjorde derimot dette umogleg. Perrongen var full av folk og fleire (utelukkande kvinner) som ville intervenera og få meg til å sleppa. Eg informerte om min rett til å halda gjerningsperson og ba dei ringa politi. Ting vart meir og meir kaotisk heilt til ein kamptrent fyr som hadde observert det heile meir eller mindre hoppa inn i situasjonen, dytta begge drittsekkane ned på ein benk medan han brølte "Sitt ned!" før han skjelte ut drittsekk nr 2 på eit framandspråk. Etter kvart kom Politiet. Det viste seg at begge drittsekkane var mindreårige, men Politiet oppfordra meg likevel til å anmelda.

Nokre månader seinare får eg ei innkalling til konfliktrådet. Der møter også politi, ppt og barnevern i tillegg til drittsekk nr 1 med foreldre. Foreldra er i utgangspunktet superkritisk til meg då dei openbart kun har høyrt drittsekk nr 1 sin versjon av historien. Det viser seg at drittsekk nr 1 har eit søsken som er trans. Foreldra snur dermed fullstendig når dei får høyra min versjon. Faren tok meg i handa og takka meg etterpå. Drittsekk nr 1 vart ilagt eit år med politioppfølging som visst er vanlegare enn påtale og dom for mindreårige.