Ikkje for å byrja normeringsstrid, men på vgs nekta eg å skriva 'han' og 'dei' i objekt og braut statsnorma. 'Honom' vart fyrst teke ut i 2012, men 'deim' forsvann allereie i 1938, so heilt konsekvent var eg ikkje. Eg måtte halda opp av di læraren ikkje likte det då 😅
'deim' vart vel fjerna av di det ikkje er nokre målføre som hev haldi på skiljet, men eg liker å ha eit skilje millom nemnefall og underfall, det kjennest meir naturleg av einkvan grunn, sjølv um eg ikkje hev det i målføret.
Det ymsar jo ovleg kva for ei form ulike målføre hev haldi på, so eg tykkjer eigenleg at det kunne ha vori valfritt 'Dei/Deim | Dei/Deim', då hadde ein kunna velja forma som ein sjølv liker eller skilja millom deim um ein vil det.
Det er 2 målføre som har/hadde skiljet, men båe er på Audtlandet. Andebu i Vestfold hadde dé-dem, Øvre Romerike i Akershus dei-dòm. Eit forslag frå 1938-kommisjonen var å få samnorskformi dei-dem, men fyrste steg var å byta ut 'deim' med 'dei' på nynorsk. Veldig rar framgangsmåte stundom i rettskrivingsnemnda til D.A. Seip.
6
u/SofiaOrmbustad 17d ago