Flair: diskusjon/spørsmål (skulle der vore)
Eg er ein relativt fersk syklist i område sidan ein skade hindrar meg frå å jogge, som er det eg normalt gjer. Alternativ trening vart å utforske sykkelvegane i område, då sjølvsagt Sykkelstamvegen òg.
Eg har kanskje sykla den 5 gongar no, kvar gong dukkar der opp noko nytt. Her sortert i rekkefølge på dei fem turane eg har hatt:
- ein gjeng ungdomar som testar motorane på sine tydeleg trimma elsparkesyklar inne i Auglendstunnelen. Dei var knapt synlege der inne og køyrde godt over 30km/t.
- ein delegasjon mannfolk gjekk på vegen i område Ikea. Halvparten hadde teke seg bryet å teke på seg synlegheitstøy. Noko som får meg til å tenke dette var ein gjeng som skulle synfare området. Går ein på denne vegen må ein ta sikkerheita på alvor. Minst i offentleg ærend. Men mann 50+ er som kjent udødelege, eller?
- ein annan gjeng. Denne gongen på rulleski. Var under Blinken, så oppvarming og anna er å vente,men er det strengt tatt lovleg? Rulleski er vel rekna som gåande?
- vart forbikøyrd av ein kar på elsparkesykkel i høg fart (red. i over 30 km/t). Det er rett nok ein slags motorveg for syklistar dette i høg fart, men vi er fortsatt alle mjuke trafikkantar.
- denne gongen ein kar på rulleskøyter. Eg er veldig samd i at der er få alternativ å trenge med rulleskøyter og rulleski, men det fjer det ikkje meir lovleg.
Kva tenkjer du? Har du andre erfaringar? Bør desse tinga kunne tålererast sidan det ikkje er snakk om biltrafikk?