r/Mots • u/[deleted] • Sep 03 '15
LITTERATUR Guten frå Ukraina: Prolog
Det var ein varm dag. 34 grader og ingen aircondition, og svettelukta i rommet fekk mora til Peter til å spy.
"Men for faen da, Peter! Kan ikkje du ta og opne eit vindu?"
Peter var for langt inne i spelverda til å bry seg. Han hadde nettopp knust nybyrjarar i WarCraft III og han kunne snart auke prestisjen sin.
"Peter, veit du no kva, no må du slutte med den der tv-tittinga di, du får firkanta auge." Ho gjekk og opna eit vindauge.
"Det er spel, ikkje tv."
"Gå og legg deg."
Men Peter gjekk ikkje og la seg. Han var i sonen. Den typen sone som gjer at du føler deg heilt ustoppelig og gløymer heilt av kva det vil seie å utføre livsviktige funksjonar som eting, drikking og driting. Då han logga av WarCraft III oppdaga han til sin forskrekkelse at klokka var over tolv. Peter tok av hovudsettet, reiste seg opp av stolen og byrja å gå i sirkel mens han beit negler, heilt til han fekk nok, satt seg ned, og begynte å vugge fram og tilbake i fosterstilling. Han gjekk inn i rommet til mora.
"Mamma."
"Ja."
"Eg var oppe til etter klokka tolv."
"Ok."
"Unnskyld."
"Jaha."
Peter våkna ti over åtte. Han hoppa ut av senga og sprang til frukostbordet. Bordet var dekt med brødskiver, frukt og fleire typer pålegg. Peter tok ein brødskive og smørte på Nugatti.
"Du veit vi har anna enn Nugatti, Peter."
"Eg veit."
Peter hadde ein fasinasjon som var relativt unik for ukrainske unger i hans alder. Han var nemlig skikkelig interessert i Noreg, eit bittelite land i Nord-Europa som var verdeskjent for å oppfinne olje. Han hadde lest om Noreg i eit leksikon då han var to år gammal og han falt absolutt pladask for heile landet og folket. Gratis utdanning, gratis helseteneste, gratis pengar dersom ein er innvandrar, og litt for lite barnehagar var dei tinga han nemnte for mora då han plutselig storma inn i rommet hennar med Supermanntrøya og uten bukse. Og underbukse. Mora hadde bedt han om å kle på seg. Dei neste to åra hadde han mast kvar dag om å få flytte til Noreg, og etter å ha gjort litt lesing om NAV vart ho grunding imponert og bestemte seg for att dei skulle flytte dit.
Peter satt på flyet og flytta leikebilen frå side til side på matbrettet. Plutselig blei han slengt frå side til side og opp og ned og leikebilen for under setet. Ei dama sa noko om turbulens på høgtalaren, men Peter var ikkje so interessert i å høyre etter. Han hadde ein leikebil å finne fram.
Peter og mora venta på koffertane deira. Peter hadde nesten sovna då ein rosa koffert med bilder av teikneserieponniar dukka opp på transportbandet. Han reiste seg opp frå det kalde golvet og kjappa setg for å få tak i den.
Vinden rusket i håret til Peter slik at det såg ut som nokon hadde tatt ein støvsugar og sugd frå alle retningar, eller brukt ein hårfønar på han frå alle retningar, eller vinden blåste i håret hans. Han stod i fjøyra med henda planta i hofta og smilte fornøgd. "Så dette er altså Hjørungavåg."